Trollkrabben AS selger det meste innan ferskfisk og ein del forskjellige varmrettar. Av varmmat sel vi mest fiskekaker. Vi lagar vanlege Vikjofiskekaker, fiskekaker med purre og kvitlauk, fiskekarbonade med ost og bacon. Innimellom lagar vi fiskepudding, sildekaker, laksekaker, torskeburger. Fiskesuppe har vi kvar dag. Ellers lagar vi fiskegrateng, bacalao, laksepasta og fish and chips. Enkle og gode salatar med tilbehør.

Av fersk fisk er vi avhengige av sesong og vær. Men fersk fisk som torsk, lyr, sei, lange, breiflabb, brosme, uer, kveite, skate, laks, aure,røykefisk, saltafisk, ferske reker, krabbe, blåskjell, sjøkreps og sushi, pluss mykje meir er vanlig hos oss. Vi prøver vårt beste for å få tak i det ferskeste og beste for kundene våre.

Trollkrabben sel også blant anna delikatesser som fylte oliven og heimalaga salater. I grillsesongen er grillspyda, marinert fisk og «grillpakken» svært populær.

Du kan sjølvsagt ta maten med deg heim, men vi tykkjer det er triveleg om du et her hos oss. Vi har ein liten og lys spisekrok der du kan nyta maten med utsikt til Leirvik hamn.

Vi lagar mat til dei som ynskjer god kvalitetssjømat, og prøver å skreddersy ditt ynskje så godt vi kan. Ynskjer du noko spesielt til helga, vær tidlig ute og bestill. Vi pleier å  ordne det meste!

Hos oss er all fersk fisk skaffa frå lokale leverandørar, og vi fileterer all fisk sjølv.