Trollkrabben sin Sildesalat

I norske havområder fins det fleire bestandar av sild, men norsk vårgytande sild er definitivt den største.

Sild kjem som ferske og frosne filetar, eller ein heil fisk.

Silda kan vere salta og røykt eller salta og krydra. Kjem i variantane marinert, hermetisk og sursild.

Silda har vitaminene A, D og B12, og den er rik på Omega-3 fettsyra. Med andre ord ein ypperleg vitaminkjelde.

I gamle dagar blei både sild og poteter sett på som fattigmannskost, medan i dag forbind ein sild og sildesalatar spesielt med julehøgtida.

Sildeprodukt som sildesalatar har med andre ord gått frå fattigmannskost til festmat.

  • Sildesalat
  • 4 kokte poteter
  • 4 kokte egg
  • 1 stor lauk
  • 1 neve sylta raudbetar
  • Litt peppar og aromatkrydder
  • Like delar majones og rømme
  • 6 Trollkrabben’s kryddersildefiletar

Legg silda i ein blanding av mjøl og vatn i 1/2 time.
Smak om den er passe salt.
Bland majones og rømme, ha i krydder.
Finhakk lauken og raudbetar, skjer potetene i små terningar.
Del egga smått med ein eggedelar og skjer silda i små skiver.
Ha i bittelitt av raudbetkrafta, så salaten får ein fin og rosa farge.
Salaten passar godt på grovt brød, spesielt med pumpernickel.

Lyr/uer filet

  • Filet av lyr eller uer
  • Rekeost
  • Sukkererter
  • Minimais
  • Gulrotstrimler

Smør rekeost inni fileten og brett den i to.
Steik fileten på eine sida.
Snu den på andre sida og skru ned på svak varme, ha på lokk slik at fisken vert dampa resten av tida.

Wok eller steik sukkererter, minimais, lange, tynne gulrotstrimler (laga med ostehøvel).
Server med ris eller fløtegratinerte poteter.

Håpar det smakar!