Historie

5. juni 2002 opna Trollkrabben dørane for svoltne sunnhordalendingar og ferierande båtturistar. Smaksprøvane har tydligvis gitt meirsmak, for i dag er det fiskekakene og fiskesuppa som er Trollkrabbens varemerke.

Trollkrabben er først og fremst ein fiskebutikk som selg fersk fisk, skalldyr og sjølvlaga fiskemat. Førsteklasses råvarer vert henta hjå Brandasund fiskemottak, Brandasundfiskeforedling, Stord sjømat, Havn produkter og Alfheim & Nilsen.

Sortimanget er sesongbetont, men stort sett er det meste å få tak i. Varmdisken er full av god og varm fiskemat.

Randi Elin Glesnes er innehavar av fiskebutikken Trollkrabben på Leirvik, Stord. Vi er ein liten og trivelig fiskebutikk, med faste kundar som ligg sentralt midt i sentrum på kaien på Leirvik, Stord. Om sommaren finn båtturistane vegen til oss for å handle godsakene dei treng til ein fin sommarkveld.

Daglig leder Randi har fagbrev i fiskehandlarfaget og har mottatt etablerarsstipend frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) for å starta fiskebutikk på Stord. Vi er etter kvart vorte svært kjende for fiskematen vår, der alt er heimelaga. Vi har mellom anna vunne Gull i NM i sjømat for heimelaga fiskekaker, og bronse for fiskekaker med ost og bacon.

Sidan Trollkrabben opna dørane i 2002, har Randi tatt fagbrev i FiskeIndustri. Ho er også sensor i Fiskehandlarfaget, og er godkjend som opplæringsbedrift.

Samarbeidspartnarar

Brandasund Fiskemotak, Brandasund Fiskeforedling, Havn Produkter, Fjord Fisk – Skånevik og Lerøy Bergen

Morgonstev

Gustav Egil Rasmussen skreiv ein gong Morgonstev til oss og Trollkrabben:

Ein liten butikk på Nothaugsbryggja,
ein liten butikk til reine hygga.
Bak disken ho smiler og sel deg fisk,
av smilet og fisken du helde deg frisk.

For suppa ho kokar av beste slage’
ja ho er ein meister i fiskafage’
alle slags artar av skaldyr og fiske,
av alt ho lagar, – du helde deg frisk.

Men det beste av alt som du kan smake,
e’ dei varme og nysteikte fiskakake’
av hysa og lyr og eg veit ikkje kva,
ete du ei, du fleire vil ha.

Dei smakar av hav og «himmelens manna»
når du dei ete du treng ikkje anna.
Det er helsa og liv i kvar einaste kaka,
-spring og kjøp, dei her lyt du smaka!!

Gustav Egil Rasmussen